OM OSS

Hallingdal Lyd vart etablert tidleg på 90-talet i samarbeid med Hellbillies. Etter å ha vore på vegen med Hellbillies i nesten 20 år var det på tide med eit løft i utstyrsparken, samt utvide kundegrunnlaget. 
I 2009 vart det investert kraftig i firmaet, og selskapsformen vart omgjort fra ANS til AS. Drifta dreia så meir mot utleigemarknaden, då behovet for ein heilproff utleigeaktør i Hallingdal og omegn var tilstades.

Idag gjer Hallingdal Lyd det meste som skjer av arrangement med tekniske behov i Hallingdal, men har framleis stor kapasitet og samarbeider gjerne med nye kundar og aktørar.
Nokon av dei me jobbar tett med til vanleg er artistar som Hellbillies , Valkyrien, Staut og Jonas Fjeld. Me leverer lydproduksjon til TrollRock på Beitostølen, 1.mai festival i Hemsedal, Ekstremsportveko på Voss, Skarverennet og Hallingmarken. Me har alltid samarbeid tett med folkemusikkmiljøet på austlandet og leverer totalproduksjon til dei fleste folkemusikkarrangementa i regionen.

Me er i dag drive og eigd av Tor Magne Hallibakken, Øystein Etterlid og Sture Moslåtten. Med på laget har me tre fast ansatte; Adrian Knutsen, Bjarte Laa og Dominik Schidt Phillip. Etter å ha slått oss saman med Moslåtten Produskjoner i 2020, er me no totalleverandør innafor lyd, lys og scene. 

Trykk på knappen under for hjelp med ditt arrangement

Kuluvegen 1

3570 Ål

Lukk Sidenavigering