top of page

Trykk på knappen under for hjelp med ditt arrangement

IMG_8107.JPG

Me er i dag drive og eigd av Tor Magne Hallibakken, Øystein Etterlid og Sture Moslåtten. Med på laget har me fleire faste ansatte og trufaste freelance. Etter å ha slått oss saman med Moslåtten Produskjoner i 2020, er me no totalleverandør innafor lyd, lys og scene. 

IMG_2607.jpeg

Innstallasjon er ein ny veg for uss. No hjelper me alle lokale nybygg eller eldre forsamlingshus få ein oppdatert teknisk pakke. Då også med bistand like i nærheten om det skulle vera noko. 

I dag gjer Hallingdal Lyd det meste som skjer av arrangement med behov for teknikk i Hallingdal og Valdres, men har framleis stor kapasitet og samarbeider gjerne med nye kundar og aktørar.
Nokon av dei me jobbar tett med til vanleg er artistar som Hellbillies , Valkyrien, Staut og Jonas Fjeld. Me leverer lydproduksjon til TrollRock på Beitostølen, Vinjerock, Landkapleik, Påskival i Hemsedal, Skarverennet og Hallingmarken. Me har alltid samarbeid tett med folkemusikkmiljøet på austlandet og leverer totalproduksjon til dei fleste folkemusikkarrangementa i regionen.

Hallingdal Lyd vart etablert tidleg på 90-talet i samarbeid med Hellbillies. Etter å ha vore på vegen med Hellbillies i nesten 20 år var det på tide med eit løft i utstyrsparken, samt utvide kundegrunnlaget. 
I 2009 vart det investert kraftig i firmaet, og selskapsformen vart omgjort fra ANS til AS. Drifta dreia så meir mot utleigemarknaden, då behovet for ein heilproff utleigeaktør i Hallingdal og omegn var tilstades.

OM OSS

Utleige, installasjon og samarbeidspartnar 

Kuluvegen 1, 3570 Ål

Viken, Norge

bottom of page